Dialogkonferanse: Bruvedlikehald i Vestland fylke
Felles for mange av bruene i Vestland fylke er at det ikkje eksisterer alternativ omkøyringsveg, noko som kan gjere det krevjande å utføre vedlikehaldsarbeid på bruene samstundes som vegen og brua vert haldt open for køyretøy og mjuke trafikantar.
Vestland fylkeskommune ønsker innspel på korleis ein kan gjennomføre prosjektet for bruvedlikehald og installasjon av katodisk beskyttelse på Herdlesundet bru på best mogleg måte.
Om arrangementet
Vestland fylkeskommune held eit digitalt møte med informasjon om prosjektet og kva dei ønsker å oppnå med dialogkonferansen.
Dialogen vert følgt opp med 1:1 samtalar med aktuelle leverandørar frå målgruppa. 1:1 samtalane kan gjennomførast ved fysisk oppmøte eller digitalt etter leverandøren sitt ønske.
Kva ønsker vi svar på i dialogen?
- Kva meiner markedet er dei største utfordringane knytta til katodisk beskyttelse av betongbruer og kva løysingar kan ein eventuelt nytte i slike høve?
- Kva alternative løysingar er aktuelle for Herdlesundet bru?
- Korleis kan vi løyse dei trafikkmessige utfordringane?
- Kva er behovet for vegstenging ved dei ulike løysingane?
- Kva informasjon treng leverandørar ved utlysing av konkurransen?
- Korleis kan vi legge til rette for at leverandør er best mogleg førebudd når dei leverer tilbod?
- Korleis skal Vestland fylkeskommune utforme tildelingskriteria for at leverandør skal kunne svare godt på dei i tilbodet sitt?
Vestland fylkeskommune planlegg å nytte seg av tre tildelingskriteria:
- Pris
- Gjennomføringsevne; beskrivelse av korleis det er tenkt å løyse oppgaven, inkl. framdriftsplan
- Kva tiltak vil ha størst klimagevinst? (gjeld både førebuingsfase, utførelsefase og bruksfase, restlevetid/framtidig vedlikehaldsbehov).
Målgrupper
- Leverandørar som har erfaring i installasjon av katodisk beskyttelse
- Leverandørar som har erfaring med prosjektering av katodisk
Agenda for dialogkonferansen
Kl. 09.30-9:35 Velkomst og presentasjon av deltakarane frå Vestland fylkeskommune.
Kl. 09.35-10:20 Presentasjon frå Vestland fylkeskommuneInformasjon om prosjektet:
- Eksisterande KB-anlegg
- Tilstand Herdlesundet bru
- Kontraktsform
- Tildelingskriteria
- Våre spørsmål til dykk
- Informasjon om 1-1 møter
Kl. 10.20-10.40 Opning for spørsmål.
Kl. 10.40-10.45 Avrunding av møtet.