Fiskeridirektoratet
Visjon
Livet i havet – vårt felles ansvar
Samfunnsoppdrag
Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.
Slik løyser vi samfunnsoppdraget
- Hentar, brukar og formidlar kunnskap og data
- Utviklar regelverk og forvaltingsverktøy
- Iverkset reguleringar og rettleier om rettar og plikter
- Behandlar saker og utfører tilsyn og kontroll
- Deltar og gir råd og innspel i prosessar og debattar
- Føl samfunnsutviklinga og ser nye molegheiter
- Evaluerer og forbetrar
Om oss
Fiskeridirektoratet blei etablert i Bergen i 1900 og er myndigheitenes rådgjevande og utøvende organ innan fiskeri- og havbruksforvalting i Noreg. Direktoratet er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.
Fiskeridirektoratet gir råd til departementet om korleis fiskeri- og akvakulturnæringa bør forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde.
Sjølv om forvaltinga kan instruerast av politisk leiing, er forvaltinga fagleg uavhengig, byggjer sine råd på kunnskap vunne gjennom erfaring eller forsking og gir råd til politisk leiing basert på beste faglege skjønn. Forvaltinga legg fram ulike alternativ, grunngjev desse og illustrerer konsekvensane av dei ulike alternativa.
Fiskeridirektoratet skal bidra til å oppfylle Nærings- og fiskeridepartementets overordna mål, som er å sikre rammevilkåra for ei lønsam og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring samt anna marint basert næringsliv.
Les mer